onsdag 17. oktober 2012

Forenkling (piktogram)



FORENKLE:
 
Å gjere noko enklare. Det vil ofte sei å fjerne det overflødige. I praksis er det å vere sparsom med verkemidla og ha auge for det som er vesentleg. Når du lagar skisser og designar, er evna til å forenkle viktig.

 

STILISERE:
 
Er bevisst å forenkle motivet, slik at det framstår som eit tydeleg objekt. Du beheld og understrekar nokon trekk, medan du fjernar andre. Ved stiliseringa er det bra å bruke berre to fargar, eller to valørar.


PIKTOGRAM
 
Piktogram er eit forenkla bilde, som skal symbolisere eit ord, ein gjenstand, eller eit begrep. Moderne piktogrammer er oftest internasjonale, og blir brukt blant anna på skilt, i bruksanvisningar og dataprogram. Nedanfor ser du eit typisk eksempel på piktogram. Eit forenkla symbol for herre toalett.
 
 






 
 
Når ein skal designe ei framside på ei bok, er det viktig å tenkje enkelt, og fokusere på at det visuelle skal kunna fortelje kva boka omhandlar utan tekst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar