onsdag 17. oktober 2012

Komposisjon


 
KOMPOSISJON

I arbeid med komposisjon set me i saman ulike delar, komponentar, (farge, tekstur, form ,farge, dekor, linjer , punkt, kontrastar, proporsjonar mm.) slik at dei utgjer ein heilskap. Når me komponerar planlegg me og organiserar me for å oppnå eit mål.

 
ENKLE KOMPOSISJONSPRINSIPP

·         Overdriv ikkje effekt bruken, det gir forvirrande uttrykk

·         Ver gjerrig med verkemidla

·         Balanse, framheving, kontrast, og heilskap er dei viktigaste verkemidla du bør kjenne til, og kunna bruke.

·         To typar balanse: assymmetrisk balanse og symmetrisk balanse

Symmetrisk balanse, gir inntrykk av ro, og tryggheit. Ligg symmetrien i ein vertikal akse, verkar det som om elementa ligg oppå kvarandre, som ein stabel bøker, eller som eit tårn. Her kan ein variere ved å ha tyngda i de nederste kanten, breiast nede, eller me kan late den vere smalast og tynnast nede, elegant, lett uttrykk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar